•Skulehelsetenesta skal jobbe førebyggande og helsefremjande og ha fokus på eleven si psykiske og fysiske helse.
Kven og når
For tida er det Hege Austevoll som er helsesjukepleiar på Austevoll vidaregåande skule. Ho er på skulen måndagar og torsdagar frå kl. 09:00 til 14.30
Skulehelsetenesta skal jobbe førebyggande og helsefremjande og ha fokus på eleven si psykiske og fysiske helse.
Ring 952 14 473
Helsestasjon for ungdom
Tid: Kvar torsdag frå 1430 til 1600
Stad: Helsestasjonen i det nye helsehuset
Helsesjukepleiar/jordmor og lege er tilgjengeleg for konsultasjon.
Døme på kontaktårsaker:
- Resept på langvarig prevensjon som p-piller og spiral
- Innsetting av p-stav og spiral
- Test av kjønnsjukdommer
- Graviditetstest
- Psykisk helse
Her er det open dør og ingen timebestilling.
Velkomen!
Kva kan helsesjukepleiar hjelpe deg med?
Du kan snakke med helsesjukepleiar om det meste som handlar om psykisk og fysisk helse, og det skal vere lav terskel for å ta kontakt.
- Søvnproblem
- Konfliktar med venar eller andre
- Dårleg trivsel på skulen eller heime
- Problem med konsentrasjon, muskelsmerter, magesmerter, hovudverk
- Depresjon, tristhet, einseimd, sorg
- Prevensjon, seksualitet
- Spiseforstyrring
- Rusproblem
Helsesjukepleiar samarbeidar med skulelege , psykolog og ruskonsultent, og kan vise vidare til desse ved behov.
Helsesykepleier
Hege Iren Austevoll er ansatt i Austevoll kommune og er leiar av helsestasjon- og skulehelsetenesta.