Etter ein fantastisk kystseglas som starta frå Austevoll vgs på måndag føremiddag, er no «Stø Kurs» og første elevgruppe frå vg1 naturbruk vel framme i Ballstad
Tradisjonen tru skal båten vere stasjonert her under heile fiskeritoktet som skal gå fram mot påske - i omlag 6 veker. Totalt er det fire elevgrupper og 52 elevar som skal vere om bord i 10-12 dagar kvar.
Skreisesongen er knapt komen i gang her sør i Lofoten, men pga. alle elevgruppene som skal delta, så må me starte så tidleg som no.
I dag blei det sett ut 6 garnlenkjer, både torske- og seigarn, og me håpar sjølvsagt det kan bli litt fangsting dei neste dagane - til tross for den tidlege sesongstarten for vår del
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene